• Målsetjinga vår er å etablera eit kompetansesenter for småkraft, og eit visnings- og læringssenter for vassbruk i nye samanhengar.

    I fyrste omgang vil dette vera gjennom å yta nøytral rettleiing til framtidige utbyggjarar lokalt, regionalt og internasjonalt – samt tilby relevante kurs/seminar og synfaring til referanseanlegg. I dag har kompetansesenteret allereie 7 ulike småkraftverk som visningsanlegg; fem i Samnanger, eit i Os og eit i Fusa. Desse femner om variasjon både i type anlegg, valt teknologi og vidare utvikling/ integrasjon av ny teknologi.

    Gjennom å bevisst byggja opp nettverk til relevante læringsanstaltar, privat industri og relevante nasjonale og internasjonale fora (Triple Helix) skal kompetansesenteret på sikt vera ein arena for folk og verksemder som aktivt vil nytta Samnanger sin unike natur og referanse, til å vidareutvikla nye og kreative konkrete småskala løysingar i arbeidet med å tilføra samfunnet nye mogelege tiltak i kampen for eit betre klima og eit betre miljø.

    I løpet av den treårige prosjektperioden skal Kompetansesenteret bevisst byggja opp relevante nettverk i inn – og utland for å styrka senteret sitt framtidige forretningsgrunnlag. Målsetjinga er at ein etter avslutta prosjektperiode kan driva senteret på kommersielle vilkår.