• Fylkesmannen i Hordaland har gjennomført prosjektet “Småkraft i Hordaland” i perioden 2005 – 2008 og er representert i både styringsgruppa til kompetansesenteret og “Prosjektgruppe Småkraft”.si styringsgruppe og “Prosjektgruppe Småkraft”.

    Hordaland Fylkeskommune støttar Kompetansesenteret gjennom det Regionale utviklingsprogram (RUP). Regionalt Utviklingsprogram (RUP) er eit felles handlingsprogram for regional utvikling i Hordaland. Programmet skal sikre at alle offentlege verkemiddelaktørar jobbar etter felles mål og strategier.

    Programmet er forankra i Fylkesplan for Hordaland 2005-2009. Særleg viktig er visjonen i fylkesplanen om at Hordaland skal vere mellom dei mest nyskapande og innovative regionane i Europa. skal vere mellom dei mest nyskapande og innovative regionane i Europa.

    Norges Bondelag fokuserer på småskala kraftverk som næringsveg i bygdene på Vestlandet gjennom eit treårig prosjekt. Prosjektet skal gi råd til grunneigarar med potensiale for kraftutbygging og arbeide for at denne tilleggsnæringa kan utviklast slik at verdiskapinga for garden og bygdesamfunnet vert størst mogleg. Prosjektet dekker fylka Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Prosjektleiar i Bondelaget, Terje Engvik, deltek i Kompetansesenteret si prosjektgruppe ”Småkraft”. Terje Engvik, deltek i Kompetansesenteret si prosjektgruppe ”Småkraft”.

    Kompetansesenteret er lokalisert på Frøland Kraftstasjon i Samnanger for å skapa best mogeleg samspel ogsamarbeid med BKK og deira planar for framtidig etterbruk av kraftstasjonen. BKK på si side ser Kompetansesenteret som ein viktig aktør i arbeidet med å tiltrekkja fleire lærlingar til BKK relatert verksemd. fleire lærlingar til BKK relatert verksemd.

    Kompetansesenteret samarbeidar med Business Region Bergen om å profilera Bergensregionen som attraktiv vertskap for aktørar på klima, energi og miljøområdet. Overorda målsettjing for Business Region Bergen er at bergensregionen innan 2020 skal vera førande i Noreg på kunnskapsbasert og berekraftig næringsutvikling innan dei næringar regionen har spesielle fortrinn. fleire lærlingar til BKK relatert verksemd. fleire lærlingar til BKK relatert verksemd.

    Høgskolen i Bergen (HIB) er ein sentral samarbeidspartnar for Kompetansesenteret då dei både har fokus på styrka realfag og nytenking knytta til ingeniørfaget, samt styrka lærarutdanning på same området. HIB er representert i så vel Kompetansesenteret si styringsgruppe som i prosjektgruppa ”Livslang Læring”. Kompetan sesenteret si styringsgruppe som i prosjektgruppa ”Livslang Læring”.

    International Centre for Hydropower (ICH) er ein internasjonal samanslutning av verksemder og organisasjonar som er aktive i overføring av kompetanse og kapasitetsbygging relatert til norsk vasskaft. For kompetansesenteret er ICH ein strategisk samarbeidspartnar i arbeidet med å promovera våre småskala klimaløysingar til framtidige utbyggjarar utanlands. Kompetansesenteret si styringsgruppe som i prosjektgruppa ”Livslang Læring”.

    Klima, innovasjon, forskning og kompetanse er stikkord i Sparebanken Vest si satsing på styrka samfunns- og næringsutvikling på Vestlandet. Sparebanken Vest er soleis ein viktig støttespelar også i arbeidet med å realisera Kompetansesenter for småkraft i Samnanger. Sparebanen Vest er tilknytta prosjektet som bidragsytar og er likeeins representert i prosjektet si styringsgruppe.