• Hordaland er det største vasskraftfylket i landet. Med vel 16 TWh[1] av Noreg sin årlege vasskraftproduksjon på nær 121 TWh kjem meir enn 13% av vasskrafta i landet frå Hordaland.

    Bruk av vassressursane til energiproduksjon har lange tradisjonar. Også i framtida vil auka bruk av fornybare energikjelder ha ein sentral plass i energipolitikken, ikkje minst i lys av dei store klimautfordringane. Bygging av små vasskraftverk kan i tillegg medverka til lokal busetting og verdiskaping.

    Med vel 16 TWh av Noreg sin årlege vasskraftproduksjon på nær 121 TWh kjem meir enn 13% av vasskrafta i landet frå Hordaland.

    NVE rapport 19/2004; ”Beregning av potensial for små kraftverk i Noreg” estimerar ytterlegare potensialet for små vasskraftverk i Noreg på 18 TWh (med investeringskostnad under 3 kr/kWh). I tillegg til dette kjem om lag 7 TWh frå Samla plan, slik at det totale potensialet for små kraftverk (under 10 MW) med investeringsgrense på 3 kr/kWh er 25 TWh. 5 TWh av dette potensialet skal vera mogeleg å realisera i løpet av ti år. For Hordaland viser NVE-rapporten eit teoretisk potensial for over 1.200 småkraftverk som kan gje kring 4,4 TWh ny kraft.