• Med høge fjell, bratte dalar og blåblank fjord er det ein storslagen og flott natur me i Samnanger har – ein natur me verdset høgt. Samstundes har naturen vore ein viktig bidragsytar til vekst og utvikling i kommunen.

    Allereie for 100 år sidan var kraftutbygginga i Samnangervassdraget utgangspunktet for ei lokal oppblomstring med auka tilflytting og sysselsetting – og her var optimisme!

    Optimismen som basererr seg på å utnytta dei naturressursane me har – gulldråpane i kommunevåpenet – vert no vidareført i planane bak Kompetansesenter for småkraft. Me vil skapa energi og vekst basert på naturressursane våre – og slik bidra konkret og praktisk i arbeidet med å nå lokale, nasjonale og internasjonale målsetjingar på energi- og klimaområdet.

    Olav H. Hauge sitt dikt ”Det er den draumen” har vore mi inspirasjonskjelde i arbeidet med å utvikla plangrunnlaget for vekst og utvikling i Samnanger for åra 2007 – 2017. Olav H. Hauge sine ord – draumen me ber på – ligg og til grunn i satsinga på Kompetansesenter for småkraft.

    Det er den draumen

    Det er den draumen me ber på
    at noko vedunderleg skal skje,
    at det må skje –
    at tidi skal opna seg
    at hjarta skal opna seg
    at dører skal opna seg
    at berget skal opna seg
    at kjeldor skal springa –
    at draumen skal opna seg,
    at me ei morgonstund skal glida inn
    på ein våg me ikkje har visst um

    (Olav H. Hauge)

    Mot og vilje til å agera lokalt gjennom etablering av Kompetansesenter for småkraft, skal skapa ei morgonstund i Samnanger basert på naturgjevne ressursar, mangeårige krafttradisjonar og ei internasjonal kontaktflate. Me vil la oss utfordra til å opna både ”hjarta” og ”berget” i det å byggja Samnanger som internasjonal kommune. ”Kjelder” skal springa fram gjennom styrka mot til å våga å satsa. Kreativitet og nyskaping skal forløysast”

    ”Den som skal skapa noko nytt må ut å gå,” skriv forfattaren Thomas Espedahl. Når mange er ute og går, vert det spennande å sjå korleis ”vågen” framstår når morgonstunda er her.
    Eg trur ei positiv overrasking ventar på oss i Samnanger.