• Vasskraft har lange og sterke tradisjonar på Vestlandet. Dei store klimautfordringane og dei politiske målsettjingar i kjølvatnet av det gjer behovet for ytterlegare satsing på vasskraft og fornybare energikjelder vert stadig meir aktuelt, både sett i lys av dei store klimautfordringane og politiske målsetjingar.

    Satsinga på eit kompetansesenter i Samnanger er tufta på kommunen sine naturgjevne ressursar og basert på meir enn hundre års krafterfaring. Man kan også sjå at innbyggjarane er opptekne av kraft og at mange søkjer forbrukslån for å skaffa seg meir energivennlege oppvarmingskjelder i heimane.

    Satsinga i Samnanger er forankra i så vel kommunen sitt eige plangrunnlag, Fylkesplan for Hordaland (2005 – 2008/09), Regionalt utviklingsprogram for Hordaland 2009, samt nasjonale og internasjonale politiske målsetjingar der fokus er på auka bruk av fornybare energikjelder og innovativ teknologibruk.

    Prosjektet er dessutan ei konkret vidareføring – og utvikling av Fylkesmannen i Hordaland sitt nyleg avslutta treårige prosjekt ”Småkraft i Hordaland”.

    Prosjekt Småkraft i Hordaland var eit treårig regionalt utviklingsprosjekt (RUP), som vart formelt avslutta 31. desember 2008. Prosjektet vart gjennomført i regi av Fylkesmannen i Hordaland, og finansiert som eit spleiselag mellom Fylkesmannen i Hordaland Landbruksavdelinga, Hordaland Fylkeskommune, Fusa Kraftlag, Sunnhordland Kraftlag og kommunane Etne, Fusa, Kvam, Masfjorden, Odda, Samnanger, Eidfjord, Ulvik og Voss.

    Bakgrunnen for dete prosjektet var at Hordaland sitt (teoretisk) potensiale for produksjon av 3,2 TWh elektrisk kraft. Dei fleste fallrettseigarane er knytt til landbruket som har stor trong for fleire bein å stå på. Ein såg difor dette som eit viktig bygdeutviklingstiltak der det var viktig å sikra seg at størst mogeleg del av verdiskapinga vart verande i lokalsamfunna.

    Gjennom prosjektet fekk 130 aktørarar eit mindre tilskot som vart nytta til å finna ut om anlegga var liv laga og verdt å arbeide vidare med. Eit av suksesskriteria i prosjektperioden var at prosjektleiarane var nøytral samtalepart både for utbyggjar og leverandørar av tenester.

    Dei potensielle småkraftverka som var i kontakt med prosjektet, kunne produsera nok straum til å forsyna 18500 bustader. Det dekkjer straumforbruket til alle husstandane i Indre Hardanger, Voss, Kvinnherad, Fusa og Samnanger.

    Sjå etter dei beste krafttilbuda i Noreg i dag på denne sida.